Eit minne frå siste gongen eg trefte deg, på Plant Eit Tre i Øystese: du sa at du lengta til himmelen; livet vart aldri det same etter at du miste din kjære Gunnar. Signe minnet etter Norfrid!
Norfrid betydde mykje for meg som tenåring i Øystese. Ho tok seg tid til meg, ho var varm og omtenksam. Det var godt å koma på besøk heime hos ho og Gunnar på Børvenes.
Fred over Norfrid sitt gode minne!
Kjære, kjære mamma. Takk for alle gode minner. Eg har mykje fint å tenke tilbake på. Eg trur at pappen har venta på deg, og at de no er sammen for alltid, hand i hand. Ikkje meir sorg og savn. På gjensyn️