Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Har du nåke, var litt tidleg å byrja på sitt eige. Du hadde mangen gode ord og utrykk du Kjell. Både etter deg sjølv og andre. Alltid kjekt når du kom med ditt gode humør og lure smil.
Ein av dei første jobben eg hadde var på veien i lag med deg. Me gjekk Åkerslia frå Stykkjesvingen, Hestahjelsnasa, Vandadalen, Dasshaug, Kjeatræ, Klyssvingane, Kattugleaskjen, Sildasund, Hestamyrsvingen så heile Haukaneslia og rydda etter ei maskin hadde vore på kantslått. Det låg både store og små greiner i veien me fekk rydda bort.
Så var me på jobb i lag på oppdrettsanlegget i Raudura. Der trur eg faktisk du berga livet mitt. Ein dag me jobba med å setja lodd på nøtene knakk båtshaken og eg hamna i sjøen påkledd med regnklær og utan redningsvest. Vel 200 meter djupt og utan vest så var det godt du var der og fekk meg opp på anlegget igjen. Først reiv du av hetta på regnjakke, men når du først fekk tak gjekk det ikkje lange tida før eg var tørt på land igjen. Du reagerte så kjapt at eg var faktisk ikkje gjennomvåt. Som båt og sjøvant person skjønna du kjapt at eg var i ei skikkelig knipa der eg låg og flaut i sjøen.
Du var både høgt og lavt Kjell, lika og bada på fine summardagar gjorde du. Helgeturen me hadde over Folgefonna på tur til Odda og besøkte Jørun var kjekt for ein 18 år gammel ungdom.
Takk for mangen kjekke og gode stunder me hadde med gode venner Kjell.
Minnene lever.
Sigmund
Det lakke og det lir
Någen har slått av motoren
Båden bare glir
Stille inn den siste fjorden
Sommardagen blei så brått på hell
Himmelen e mørkerød i kveld
Eg ser deg ennå øvealt
I et lide blad som falt
I ei sky som dreiv forbi
På en himmelhøge sti
Fly i fred nå e du fri️