Minneord om Berit, Strandebarm kyrkje, 18. juni 2026
Berit vart fødd 15. april 1944. Ho var eldst i ein syskenflokk på fire og voks opp på Susort i Tysvær kommune. På Susort var det godt å veksa opp med foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, gode vener og naboar. Som lita fekk Berit tilnamnet «kvelpen», ho var jo den minste av dei som budde på garden på den tida. Etter kvart kom syskena Mildred, Richard og Lilly til. Berit hadde ikkje eigen familie, men var glad i og stolt av den familien ho hadde.
Det vart folkeskule, framhaldsskule og folkehøgskule på Berit. I arbeidslivet vart det jobb på hotellet på Sand og på sardinfabrikk på Bokn, før ho prøvde sjømannslivet om bord på MS John saman med pappaen vår. Då gjekk seglasen rundt norskekysten frå nord til sør. Seinare vart det utanriksfart på Berit. Ho segla for Kjøges Rederi i Bergen. Båten gjekk i fast rute med avispapir mellom Bay de Como i Canada og New York i USA. Etter nokre år mønstra ho av, tok seg litt fri, før ho sette kursen mot Bergen by. Her budde ho mesteparten av livet.
Ho starta på Merino-spinneriet. Men det var nok for keisamt. I 1972 tok ho sertifikat i klasse 2 og fekk jobb i Bergen Sporveier. Ho var litt stolt av at ho var éi av dei fire første kvinnelege sjåførane i Bergen. Ho var godt likt av kollegaer og passasjerar. Ho var kjapp i replikken og parerte kommentarar frå rappkjefta bergensarar utan problem. Det var i dette miljøet ho vart kjend med sjåførvenninna Astrid, og etter kvart utvikla dei eit nært og godt venskap.
Berit var ei sterk dame, med sterke meiningar og meiningars mot. Det kom til uttrykk i diskusjonar både privat og i arbeidslivet. Som tillitsvald på arbeidsplassen fekk ho god bruk for desse eigenskapane.
Berit var glad i naturen, dyr og fuglar. Ho las mykje og kunne mykje om «mongt». Favorittdyret var utan tvil katten. Heldige var dei kattane som fekk bu hos Berit. Her var det service 24/7, gourmetmat, jamlege helsesjekkar og full pakke.
Berit var både musikalsk og «handy». Ho lærte gitarspel av mammaen vår som lita, og trakterte både gitar og trekkspel til stor glede for folk rundt henne. Ho kunne òg handtera både motorsag og anna verktøy. Ho likte å vera sjølvlært og sjølvhjelpt. Berit var også ein god hitoriefortellar og formildlar.
Berit og Astrid kjøpte hytte på Haukås i Strandebarm på 90-talet. I starten vart eigedomen brukt i feriar og helger frå påske til langt utpå hausten. Etter kvart vart dei buande der året rundt. Det vart bygd både boder og småhus på eigedomen etter kvart som behovet melde seg. Det staselegaste bygget var nok gjestehuset. Designet var sjølvkomponert, og reisverk og bjelkar vart henta i skogen utanfor. Det å vera nevenyttige kom vel med i den prosessen. Var det nødvendig, vart fagleg hjelp henta inn. Då Astrid gjekk bort i 2022, vart det nok litt tomt. Då starta Berit prosjektet «oppussing av hytta». Det vart mange prosjekt, stadig eit nytt på gang. Ho bad oss på besøk og var kjempeglad når vi kom. Men det låg alltid ein jobb på lur til oss. Hytta er stadig forbetra og modernisert dei siste åra.
Berit såg for seg mange fleire år til på Haukås enn det ho fekk. Sjukdommen sette ein stoppar for det. Dei siste to åra vart det mange turar til Haukeland med cellegift og stråling. Det gjekk så nokolunde bra ei god stund. Situasjonen endra seg, og frå november i fjor vart det nye rundar med cellegift. Men dessverre, kreftsjukdommen tok det siste stikket.
Vi i den næraste familien til Berit vil nytta høvet til å takka naboar på Haukås og helsevesenet i Strandebarm og Norheimsund for innsatsen! For utan hjelp frå naboar, med smått og stort, hadde det nok ikkje vore mogleg å bu på Haukås så lenge som ho gjorde. Med på laget var òg heimesjukepleia i Strandebarm med sine jamlege besøk. I starten var ikkje Berit så begeistra for heile helsevesenet. Ho ville ikkje ha alle slags folk «rekande på dørene te adle tider».
Ho hadde jo alltid klart seg sjølv! Men etter kvart som tida gjekk og kreftene tok slutt, vart hjelp og pleie sett stor pris på.
Berit sovna stille inn måndag 15. juni 2026.
«No må dokke ikkje grina når eg fere, sa hu» Eg vil det skal vara glede itte meg!
Bodskapen vart gjenteken fleire gonger, så det er ingen tvil om det.
Gode minne har ho jammen klart å skapa hos kvar og ein av oss. Dei får vi ta godt vare på!
I Berit si ånd tek vi gleda med oss vidare, i minna våre og i hjarta våre.
Kvil i fred, Berit!
Vis mer
Vis mindre