Eg tenkjer attende på skuleåra vi hadde ilag. Vi var svært interesserte i fugleliv, Eg hugsar du melde meg inn i Norsk Ornitologisk Forening og vi dreiv med fugleteljing. Eg brukte konfirmasjonspengane og kjøpte 2 saulam av deg. Vi syntes det var kjekt å driva med sau. Takk for gilde minne frå dei åra!
Å, nei, dette var trist å høyra! Ivar var beste kameraten min i barndommen, og me hadde mykje moro i lag! Etter me flytta hit att i -85, vart det mindre kontakt, utan at eg heilt veit kvifor.
Men kor som er - Ivar var ein særs god granne - eg kan ikkje minnast eitt skeivt ord mellom Pileteigen og Inngjerde.
Og hjelpsam var han som få! Det var berre å nemna at ein trong hjelp med noko, så stilte han! Og det var alltid kjekt å treffa han når me gjekk tur på vegen - då vart det ein lang og god prat om laust og fast.
Me vil sakna Ivar og minnast han som ein venleg og finsleg person det var godt å kjenna. Me tenkjer no på dykk som har mista ein trygg og god ektemann, far og bestefar.
Personleg greier eg diverre ikkje koma i gravferda. Eg fekk ein skade i hjerneslaget som gjer at eg får voldsomme utslag av sterke kjensler, med gråt og 'ulydar', så det er best at eg ikkje er til stades og vert 'midtpunkt' i kyrkja ved eit slikt høve. Men eg skulle gjerne ha vore der og vist han den siste æra, for det hadde han fortent. Eg vil vera der i tankane, og ønskjer at det vert eit fint farvel med alle.
Fred over minnet til Ivar.
Dine audmjuke steg på bakkane og langs vegen med armane på ryggen, din ivrige vedahogst, stille tilstedeværelse på fotballbanen, stødig sjåfør til treningar med gutane, humrande latter og gode smil vil vi alltid hugse️ kvil i fred, gode nabo️
Takk for godt samarbeid i Kvinnherad Bonde og Småbrukarlag.
Ei siste helsing.
Solveig, Jon, Kjell, Aslaug, Asbjørn, Øyvind, Liv-Annbjørg, Marita med familier.
Takk Ivar, for den du var.
Helsing Ingebjørg, Ingrid og Anniken, Kolbjørn og Laila, Odd Halvard, onkelborna med familiar.