Savnet er stort men kvil I fred.. 🌹🌹️
Ingen har varda den vegen du skal gå ut i det ukjende, ut i det blå.
Dette er din veg. Berre du skal gå han.
Og det er uråd å snu.
Og ikkje varder du vegen , du hell.
Og vinden stryk ut ditt far i auke fjell.
Takk for alt og kvil i fred .
Takk for gode minner
Snille, gode, pappen vår. For oss var du reine «Reodor Felgen» og hadde ei løysing på det meste. Du var flink å sjå både barn, barnebarn og svigerbarn, alle var like viktig. Og latteren din når da var «fantaskap» høyre eg endo. Du har måtta tåla mykje helsemessig men no sa kroppen stopp. Takk for mange gode minner. Kvil i fred pappa.
Flinke hender har lagt ned verktøyet. Mykje av arbeidet ditt, m.a. gjenstandar du laga i tre, kjem til å vara i generasjonar og har ein unik kvalitet. Du slurva ikkje arbedet frå deg.
Den motoren du ikkje fekk liv i var moden for utskifting.
Kroppen din tålte mykje, men du var heimkjær, og utsagnet «Eg skal heim» har nok gitt familien utfordringar meir enn ei gong. No var reisa slutt og du får komma «heim».
Kvil i fred Sigbjørn. Eg tek vare på gode minne. Siste helsing frå vetlasysto.
Kvil i fred gode og snille besten ️