Hei Anita!
Slik byrja eg utallige brev til deg på 90-tallet, enten du budde på Vesterland i Sogn, Høgliskrenten i Bodø, Vikeså i Bjerkreim eller Forsandveien i Sandnes.
Det var alltid så lett å skrive til deg, innhaldet og orda kom av seg sjølv, etter ei lita stund kunne eg lima att konvolutten med svar på spørsmåla dine og oppdatering på hendingar sidan sist.
I eit par av vintrane du budde i Bodø vart brevskrivinga bytt ut med telefon. Det var stort sett fast kvar sundagskveld. Du var sjølvsagt komen under dyna med TVen på, Eg lett tilbakelent i kontorstolen på jobben og før me visste ordet av det hadde natt-taksten kopla inn...
Men for å koma til poenget
Me møttest for fyrste gong då me var 13 år og gnisten mellom oss vart i grunn tent med ein gong utan at me tok særleg tak i det.
Det tok oss 14 år med godt venskap før me turde gjere noko med det - ein julidag i 2000.
Frå den dagen var det aldri noko tvil det var deg og meg til evig tid.
Din tid er no så altfor tidleg forbi
Me fekk:
38 år som vener
24 år som kjærastar
23 år som sambuarar
20 år som foreldre
1½ år som gifte
Me fekk også 2 utfordrande år med sjukdom, du var i førarsete med vilje og pågangsmot, eg prøvde å hengje på så godt eg kunne. Det var tøffe tak og mange nedturar, men mottoet ditt var som Besta i Istid filmane sa «eg skal overleva alle og danse på gravene».
Ved å skrive dette som eit brev tenkte eg det blei lettare, som i «gamle» dagar, men der tok eg feil. Dette kunne du nok ha sagt meg på førehand, i tillegg så hadde du nok kome med diverse kommentar om form og innhald
Me har hatt eit fantastisk godt liv saman og fått 3 vidunderlege gutar
Eg vil mest av alt sakne kjærasten min, ei god mor og diskusjonspartneren.
Tusen takk for alt du har vore for meg, gutane og andre, samt det me har fått vore for deg. Du har sett varige spor i oss alle med din
Vilje - Pågangsmot - Positivitet - Engasjement - Omsorg
Din Bård
Hvil i fred Anita️❤️
Fine deg Anita️Takk for gode minner!Tenker på deg og familien din️
Takk for gode minner️
Takk for gode samtalar
Takk for gode minner
Takk for gode minner frå barneåra på Risa.
Signe minnet
Takk for gode minner og kjekke samtaler Anita. ️
Du var så utruleg blid og positiv, og takk for at du var den du var ️ Kjem til å sakna deg!
Tusen takk for alle fine stunder! Minnene er mange og gode 💞 Sender alt godt til Bård og gutane dine!
Siste hilsen til vår fantastisk lærar
2007 kullet❤️