Takk for hyggelege møte på dalen og i Skålagato. Vi er mange som vil sakna deg!
Mi fyrste erfaring i arbeidslivet var hos deg og John på butikken i Skålagato. Ein svært god opplevelse!
Takk for gode minner
Takk for alt, Bestemor. Du er djupt sakna❤️
ANNE LISE NYGÅRD, 20. desember 1938 – 28. mai 2026
Så er dagen komen då det var min tur til å mista ein av dei aller næraste. Torsdag kveld klokka 18.30 sovna mi kjær mor, eller Mamsen som eg plar seia, fredfullt inn på Stord sjukehus. Eg var i rommet med ho, saman med to sjukepleiarar, då ho pusta for siste gong.
Eg skal ikkje leggja skjul på at det er frykteleg tungt å mista Mamsen. Det skjedde dessutan relativt brått. Ho fekk eit drypp måndag ettermiddag og vart sendt til Stord i ambulanse. Men allereie tysdag var ho i veldig god form, og då ho ringte til både Papsen og alle oss tre ungane, var ho i strålande humør. Terje var dessutan på besøk.
Også onsdag var ho lenge i godt lag, men vart veldig stressa seinare då det var uklart ho om skulle skrivast ut denne dagen eller ikkje. Berre eit par minutt før eg kom på besøk, cirka 16.45, vart ho råka av ei massiv hjernebløding, og utfallet var gitt. Den næraste familien reiste straks utover, og Papsen fekk ta farvel via Facetime. Terje og meg var der natta gjennom saman med ho.
Utpå dagen torsdag kom Papsen faktisk på besøk, noko som var særdeles godt at vi fekk til.
Heile det siste døgeret kvilte ho roleg, utan smerte, og slik sovna ho også inn. Den siste natta var spesiell. Blå himmel bortsett frå nokre skyer over Kvinnherad-fjella, fullmåne og heilt stille. Akkurat slik ho hadde ynska. Då fuglesongen byrja klokka 02.45, følte eg dei song for ho. Mamsen var svært glad i naturen og alt dyreliv, men spesielt fuglar var ho veldig oppteken av. Året gjennom vart gråsporvane og kjøtmeisene på Skåla fôra.
Som mange av dåke veit, har den siste tida vore vanskeleg for Mamsen. Vi trøystar oss med at ho no er fri frå dei vonde tankane. I staden skal vi minnast alle dei fantastiske åra vi hadde med ho, i Papsen sitt tilfelle heile 65 år! Vi skal hugsa den artige humoren, det gode humøret, den altomfattande omsorga for sine næraste, dyra og naturen rundt oss. Vi skal hugsa omtanken hennar for alle som hadde det vondt eller var einsame. Vi skal hugsa dei kjekke reisene i inn- og utland, dei tallause fjell- og skogsturane, overnattingar på hytta i Myrdal eller på Maurset, den utsøkte maten og kor stolt ho var over oss, ikkje minst barnebarna Elise og Max.
Og vi skal aldri gløyma den enorme innsatsen hennar for Kjeldestøl og butikken gjennom alle år.
Og så håpar eg at hundane Sara, Bessi og Tina og undulaten Duppen tok i mot ho. Ein kosehund ho kalla Sara skal ho få med seg på den siste reisa.
Gravferd frå Kvinnherad kyrkje torsdag 4. juni klokka 13.00. Minnestund på Rosendal fjordhotel etterpå. Alle som vil er hjarteleg velkomne begge stader.
Når det gjeld eventuelle minnegåver, har vi valt foreininga som gjennom fleire år har jobba med vedlikehald av Kvinnherad kyrkje. Deira konto er 3460.10.76243.